mandag 30. januar 2012

Refleksjon


Opplevelsar, på godt og låkt, sett seg fast i sjela!
Dei gode opplevelsane er fantastiske, ein kjenner ei lukke og glede som berre boblar inni kroppen.
Dei låke, er vanskelig å beskrive med ord. Redsel og angst som gir fysisk smerte. 
Kroppen, hovudet og underbevisstheita gjer alt dei kan for å skåne oss frå å ha det låkt. 
Ein tek seg på mange vis "saman". 
Eg hugsar dei låke kjenslene sterkt enno.
Å skape og å lage var for meg essensiellt då Anna var sjuk. Det gav meg glede i den vonde tida. Det gjorde det "lettare" å vere i det vanskelige.
Samtidig merkar eg at det er vanskeligare å skape når kvardagen på mange måtar er tilbake att.
Men eg veit at det er like viktig for meg. For det låke er med meg no også, og eg veit at det vil vere det så lenge eg lever.
Derfor har eg byrja på eit målarkurs som har fokus på portrett.
 Eg har så lyst til å lære meg å "fange" følelsar som ansikt viser. Dette er det første biletet, som er eit sjølvportrett mala utan å sjå meg sjølv.
Ikkje spesiellt fint, men det er MEG :)
Litt varm (raudfargen), litt kald (blåfargen), litt meddelsom og litt lukka (augene).
Ein ting er i allefall sikkert: GLEDENE opplever eg som meir intense no enn før, og eg er mykje meir  reflektert over livet og eigne handlingar.

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar