No nærmar det seg slutt på eksamenslesing og eksamensarbeid.
Eksamen i Trondheim er unnagjort, heimeeksamen i kunst og handverk levert inn
og arbeidskrava er stort sett ferdige og skal leverast inn førstkomande mandag.
Det er alltid spennande med karakterar, men godt å kjenne at eg har valt rett og hatt GOD nytte av studiet
"Kunst, skaping og formidling".
Læringskurva har etter eiga vurdering vore bratt,
og opplevelsane mine som eg har hatt siste åra
har eg brukt mykje av i oppgåvene i studiet.
No kjenner eg at det er GODT og bruke tid på andre små pusleprosjekt.
Forleden dag kjøpte eg meg to voksdukar.
Den eine passa godt på kjøkkenet, men den andre tenkte eg levere tilbake.
Heilt til i går kveld då eg fann ut at eg kunne sy trekk til putene i utemøblane av den.
Kattane har ein tendens til å kose seg i dei også,
og det merkast for å seie det slik, sidan dei var kvite.....
men no gjer det ingenting.
Eg kan berre ta ein klut å vaske dei:)
Ikkje gjer det noke om det regnar litt på dei heller.
det føles godt når man er ferdig med eksamen :) dyktig dame synes jeg du er og studiet høres spennende ut!
SvarSlettlag deg en god torsdag
beste hilsen fra arnhild :)