Eg har vore innpå bloggen min fleire gongar siste vekene, men har ikkje funne inspirasjon til å skrive noko. Eg har fundert litt over det, kvifor eg ikkje har noko på "hjertet"...
Det er lenge sidan eg har hekla. Fredag var det to veker sidan eg vart ferdig med siste hua, foreløpig. Eg har byrja på studie i Volda: kunst, skaping og formidling, og stortrivast. Det har fokus på tegning, maling, grafikk og gips. Og det er sikkert derfor eg ikkje har skrive noko. Sikkert derfor eg ikkje har hekla noko også.
Eller kanskje byrjar det å roe seg, at eg har det bra sånn på det jamne? Men eg veit at det går fortsatt opp og ned, så det er nok ikkje det....
I dag byrja eg hekle igjen. Eg kjenner ei jente som har så lyst på pulspynt slik som mammaen har. Og plutselig står det klart for meg der eg sit med heklekroken mellom fingrane... det er heklinga som gjer at eg får inspirasjon. Eg merkar at eg sorterar tankane mine og følelsane mine og puttar dei i dei rette skuffene!
For ei FLOTT oppdaging tenker eg:)
Håper at DU også har din måte å sortere tankar og følelsar på;)
Ein stor kommode med mange skuffer skulle vi alle hatt .. eg har ein tendens til å ha alt litt "hulter til bulter" men somme dagar klarer eg å sortere litt i tankane & følelsane mene , - Det blir ofte ein god dag , .. - Ha en fin søndag og takk for inspirasjonen her , klem <3
SvarSlett